Link: BT
Bybanen i Bergen er på veg! Samferdselsministeren - Torild Skogsholm frå Venstre - har gitt endelig klarsignal til finansieringa av bybanen i Bergen. Byråd Hans-Carl Tveit - frå Venstre - meiner bygginga kan starta allereie i haust. Partileiar Lars Sponheim - frå Venstre - erklærer at No kjem bybanen!
Dette er ein glad dag for Bergen. Bybanen er eit uvanlig modig og framtidsretta prosjekt. Det er eit miljøprosjekt som klart og konkret vil forbetra miljøet i Bergen. Det vil forbetra trafikksituasjonen i Bergen. Det viser at Bergen er open for nye løysingar.
Og la ingen vera i tvil: At bybanen nå blir gjennomført er Venstre si forteneste. Me gjekk til valkamp i Bergen for to år siden på bygging av bybane. Og no vert han bygd! Høgre var lunkne. FrP var imot. Venstre i byrådet og Venstre i regjering har levert. Gratulerer Bergen!