Eg fann denne, men veit ikkje kven forfattaren er. Språket minn meg om Are Kalvø. Le høgt!
Etter mykje strid er programmet for julebordet til regjeringspartia endelig klart:
1800:
Oppmøte.
SV-arar som synest restauranten er litt for fin, og ønsker å markere avstand til partiets nye fine regjeringsvanar, kan velje å møte opp ein annan stad, men vil då ikkje få mat.
Jonas Gahr Støre kjem litt seinare i helikopter frå Oman.
1830:
Kveldens toastmaster Jonas Gahr Støre ønsker velkommen på tre språk og orienterer om kveldens meny før han reiser til Brussel.
Senterpartimedlemmer kan velje å la vere å skåle i protest mot at Gahr Støre skal til Brussel.
Øystein Djupedal har gitt uttrykk for at han synest orientering på tre språk er litt i overkant, så han har gitt beskjed om at han ikkje kjem til å følgje med på heile orienteringa.
1900:
Mat. Val mellom lutefisk, pinnekjøt og svineribbe.
Karita Bekkemellem har gitt uttrykk for at ho synest forsamlinga bør dele seg heilt likt mellom dei tre alternativa.
Øystein Djupedal synest det blir litt mykje med så mange val, så han har fått beskjed om at det er pinnekjøt eller ingenting.
Jonas Gahr Støre står over maten då han er på veg frå Brussel til New York.
Fleire i SV har gitt uttrykk for at dei ønsker å boikotte lutefisken i protest mot regjeringas handtering av fiskeristriden i vernesonen, pinnekjøtet i protest mot dyremishandling og svineribbe i protest mot
USAs behandling av den muslimske verda. Dei krever også at regjeringa i respekt for allergikarar, vegetarianarar, agnostikarar, framandkulturelle og folk som ikkje liker julemat skal tilby svinefri
ribbe og pinnefritt kjøt. Dette har blitt tatt opp med partileiinga, og leiinga har gått med på at desse SV-arane kan få lov til å pirke i maten i staden for å ete.
Senterpartiet har protestert mot at SV-arane på denne måten viser ringeakt for norske landbruksprodukt, men Åslaug Haga har konkludert med at det er heilt i orden så lenge ho får vere med på festen.
2000:
Andre forsyning.
Karita Bekkemellem synest alle bør ta nøyaktig like mykje i andre forsyning som i første slik at ingen av forsyningane kjenner seg uretteferdig behandla og blir mobba i forsyningsmiljøet. Øystein Djupedal synest det er litt mykje å halde styr på med alle desse forsyningane, men vil gjerne ha meir mat.
Djupedal har på generell basis ytra eit sterkt ønske om at nokon tek seg av han og fortel han nøyaktig kva han skal gjere heilt kvelden slik at han slepp å ta alle desse vala. Ingen har til no tatt på seg
denne oppgåva, så den vil bli delegert til ein eller fleire av Djupedals partikameratar som står over andre forsyning i protest mot den skeive fordelinga i verda.
2030:
Jonas Gahr Støre er tilbake, takkar for maten og informerer om samtalane i New York, Brussel og Oman. Senterpartifolk kan halde for øyrene når det er snakk om Brussel. SV-arar kan halde for øyrene når
det er snakk om New York. Øystein Djupedal kan slå opp i leksikon når det er snakk om Oman.
2330:
Nokon køyrer Øystein Djupedal heim, slik at han slepp å velje mellom alle taxiane.
Under heile arrangement vil alle gjestane frå Arbeidarpartiet sitte på eit rom for seg sjølv og i liten grad bry seg om kva dei andre driv med.